Velkommen til Cochabambabarn
Glade barn fra Cochabamba
Velkommen
På dei følgjande sidene kan du få eit lite glimt frå Bolivia og Cochabambabarn!

Dei kjem i flokk og fylgje ned den smale vegen i Chiquicollo. Skrålande og med ranselen på ryggen. Målet er eit godt måltid, leik og song,- og så leksearbeid. Middagsmaten går ned med prat og latter som krydder. Og så er det youghurt og frukt. Det er feststemning i prosjekthuset til Cochabambabarn. Det er born og unge med vilje og evner. Mange av dei er det vi kallar ”løvetannbarn”. Slike som strekker seg mot lyset og livet under karrige kår. Slike som klarar seg på tross av og ikkje på grunn av… Tenkjer vi.. 

Dersom eit barn opplever kjærleik og omsorg, er det utruleg kva det kan tole elles. Desse borna har foreldre som er gla i dei, men som ofte ikkje veit si arme råd korleis dei skal kunne hjelpe borna sine slik dei så gjerne ynskjer. Og så opplever også borna kjærleik og omsorg i møte med Olga, Carolina og dei andre arbeidarane i prosjektet. Slik blir dei styrkte til å stå på, støtte kvarandre og ta fatt!