Kva er Cochabamba-barn?
Kva er Cochabamba-barn?

Cochbambabarn er eit hjelpeprosjekt i Bolivia

Vi arbeider i millionbyen Cochabamba midt i hjarte av Bolivia. 
150 barn får via prosjeketet hjelp til ein betre kvardag. Vi hjelper dei slik at dei kan gå på skule.Onsdag og fredag kjem dei til huset vårt og blir møtt med omsorg og varme. Dei får eit godt måltid med varm mat, frukt og yoghurt. Medarbeidarane våre hjelper dei med lekser og det blir tid til leik og aktivitet.

Familiane blir og følgt opp og får hjelp til å meistra den vanskelege kvardagen.

Glade barn
Kven driv Cochabamba-barn?

Foreininga Cochabamba barn er registrert i Brønnøysundregisteret. Den vart starta i januar 2000. Eit styre i Noreg har ansvaret for drifta og samlar inn pengar som blir sendt til Bolivia.
Styret i Norge er:
Gunnhild Bergset, leiar,
gunnhild@bergset.com
Anne Sønsterud
annsoe@online.no ,
Bjørg Hetlelid
bhetlelid@getmail.no
Elise Lunde
elise.lunde@hesbynett.no
Kontonummer til støtte Cochabambabarn: 3347.20.08329

I Bolivia har vi nasjonale medarbeidarar som arbeider med barna. Olga Tirado som starta opp arbeidet er framleis leiar.

 

Olga på heimebesøk