Brev frå styreleiar
Kjære alle Cochabanba-barn vener

Sommaren 2008 var Gunnhild og familien avgarde og besøkte prosjektet og det var ei stor oppleving å sjå alt som skjer der. Fyrst av alt må vi overbringe gode helsingar frå Olga, Carolina og deira medarbeidarar. Frå kokkene på kjøkkenet, frå mødrene og fedrene i prosjektet og ikkje minst: frå borna sjølve! Takksemda deira er STOR til dykk som er med å bere dette arbeidet!

I prosjektet har det vore byggeår i år. Det er bygd eit nytt klasse/lekserom, eit nytt og stort kjøkken, 3 nye toalett (det eine med dusj!) og ein ny vaskeplass. I tillegg er det laga tak over plassen der bilen står plassert på gardsplassen og det er bygd ny mur rundt deler av tomta. Det var ei oppleving å få vere med på innviinga av det nye sanitæranlegget! Då var det sang og musikk, snorklipping og fest for alle borna.

Snorklpping ved opning av sanitæranlegget..
Familiane i prosjektet

Stadig fleire ungdomar i prosjektet tek sine eksamenar på vidaregåande og studerer vidare. Det var gledelg å sjå alle dei unge medhjelparane som er i sving på prosjektdagane. Ved skuleårs start i januar kom alle borna i prosjektet inn igjen på skulen fordi dei hadde bestått avgangsprøvene til jul! Så det er god hjelp i å ha ein utdanna pedagog med i teamet!!

Men framleis er det utfordringar. Mange av familiane har mykje å slite med. Ein av dei er familien til Felix og Adriana. Foreldra til dei tre jentene på 3, 11 og 14 år som omkom i elveflaumen i januar. Mora stod att og heldt seg i ei grein og såg kor jentene for med elva. ”Eg høyrde kor dei skreik,” fortel ho. ”Eg tenkjer på dette synet natt og dag. Eg må arbeide heile tida for å ha noko anna å tenkje på. Elles gret eg støtt. Viss eg arbeider til eg blir trøtt nok, då får eg sove. Utan prosjektet og kyrkja hadde eg ikkje klart å overleve. De har hjelpt meg utruleg,” seier Adriana stille medan Olga og eg sit på gardsplassen og lyttar til historia hennar.

Det var sterkt å vere i dette og seinare vere med på gravplassen og legge blomster ved dei tre gravkammera……

Men både Adriana og mange av dei andre som slit gjev uttrykk for at dei som arbeider i prosjektet, med Olga og Carolina i spissen, gjev dei stor hjelp til å holde livsmotet oppe. Det er ikkje få samtaler Olga har med barn og foreldre i prosjektet i løpet av ein månad! Då vi budde hos Olga i sommar fekk vi også sjå at det ikkje er få besøk ho får heime hos seg av folk som treng hjelp. Denne kvinna som drøymde om å bli sjukepleiar eller lærar… No arbeider ho som begge deler J Og i tillegg er ho Chiquicollo sin store diakon!

Mamma-møta fungerer endå meir profesjonelt enn før. Annakvar veke har dei besøk av folk som arbeider i ulike kvinne-og barnerelaterte organisasjonar. Det er flotte menneske som evnar å engasjere mødrene. Og mødrene stiller spørsmål og deler med kvarandre. Veldig kjekt å vere vitne til!

Framleis er vel 150 born og deira familiar knytt opp til prosjektet. Det er litt av ein samanheng å stå i og vi er så takknemlege for alle støttespelarar. Sjølvsagt er vi ekstra gla for alle som gjev si støtte gjennom faste trekk. På den måten er det lettare å planlegge når vi veit kor mykje pengar vi kan forvente å få inn i kassa.

Men vi er glade for alle gåver. Også dette året har vi fått mange jubileumsgåver. Takk til all støtte uansett på kva måte! Hugs å sende oss e-postadr.di om du har!

Julefest for barn og foreldre