Framtida
Utdanning og vegen vidare

11 av ungdomane som har ”vakse opp” i prosjektet er no studentar på høgskular og universitet. No er ikkje det åleine eit bevis på at det er eit bærekraftig prosjekt. Det er like verdifullt at vi har mange som er på god veg til ei viktig yrkesutdanning eller allereie er i gang med eit arbeid som dei trivs med. Og ikkje minst er det viktig at dei kjenner seg verdsette.

”Kunnskap skal styra rike og land og yrke skal båten bæra,” song nokon av oss då vi gjekk på skulen. Det er mykje i det, men i tillegg må vi gje rom for at den oppveksande slekt får  utvikle seg som menneske og verte bevisst sitt eige og andre sitt menneskeverd. Berre på den måten kan det vekse fram ein generasjon som kan drive eit samfunn vidare slik at alle som bur og lever der kan kjenne at dei er respekterte og viktige for heilskapen. Dette trur vi at medarbeidarane våre i Cochabamba-barn prosjektet er bevisste på.

Nokre av ungdommane