Hausten 2011 i Cochabamba
Handel på Canchaen

Det er tidleg morgon i Chicuicollo, klokka er 5.30 og hundane har varsla at me må gjer oss klar til ein ny dag.  Olga og eg, Elise Lunde, er nå klar til å dra på canchaen for å handla inn til måltida som ungane skal få servert denne veka. På veg nedover mot bussen helsar me på abuela Tambo, bestemor til fem av ungane våre. Ho er lita og tannlaus, kledd i lag på lag med skjørt, bluse, forkle og med stråhatt på hovudet. På ryggen ber ho ei tung bør med grasstrå og krydder som ho skal selja på canchaen. Olga pratar med henne på quecha og spør korleis ho har det saman med dei fem barnebarna som ho forsørgjer. Bestemor er bekymra fordi ho ikkje veit kor lenge ho kan klara dette slitet. Børa er tung både fysisk og psykisk. Olga trøystar og seier at saman skal vi nok finna ei løysing.

Handel på Canchaen
Canchaen

J-bussen tek oss med til canchaen og me sit tett i tett saman med mange kvinner som er på veg for å selja eller kjøpa. Dei ber varer og på ryggen sit ofte minsten. Canchaen er vanskeleg å skildra. Det er eit vrimmel av folk, bodar og alle tenkjelege og utenkjelege varer. Alt frå senger og sko til poteter og lamafoster. Olga er målbevisst og etter nokre timar har me fylt ein stor taxi. Den er stua med store mengder grønnsaker, kjøt, frukt, krydder og yoghurt. Frukter og grønnsaker som er nye for meg men som sikkert blir bra i maten. Nå har me nok mat til 150 ungar for to dagar, og i tillegg nok mat til å ha med til alle heimebesøka.

Trygg på mor sin rygg
Saman med ungane

Forventningane mine stig mot onsdagen som er første dagen saman med ungane. Det er alltid spanande å møta dei igjen og sjå korleis utviklinga har vore. Kokkane er på plass på kjøkkenet. Dei sit på krakkane og skreller poteter og grønsaker med kniv i rasande fart. Ungane strøymer inn porten og der kjem Daniel på 8 år imot meg med fargerike sjølvplukka blomar i neven. Eg får kyss og klem og han er ikkje blitt for stor til å krypa opp i fanget mitt. Tårene får fritt leide og eg kjenner kor heldig eg er som får vera venn med desse flotte barna og ungdommane. Dagen går fort med leksearbeid, mat og diverse opptrinn for gjesten. Olga, Carolina og hjelpelærarane våre er flinke til å sjå barna og gje dei muligheit til å komma med det som ligg dei på hjarta.

Små og store vener
Gåve frå Norge

Denne gongen har eg med ei spesiell gåve frå ungdommar på Finnøy. Dei hadde pengar igjen på klassekonten sin når dei slutta i 10.klasse og ville at pengane skulle gå til kjøp av pc-ar til ungdommane i Cochabamba. To heilt nye datamaskinar, skrivar og internett for eitt år blei overrekt til stor overrasking og jubel.  Ingen av dei har pc heime så dette blir nyttig i skulearbeidet. Vi trur at det er ekstra viktig for barna i Bolivia å oppleva at barn i Noreg vil hjelpa dei. Det gir dei inspirasjon og håp på ein spesiell måte. På same vis er det viktig for ungdommar i Noreg å oppleva at dei kan få bety noko for andre.

Flott gåve til barna
Det nyttar

Den viktigaste erfaringa er å oppleva at arbeidet vårt nyttar. Svært mange barn og unge har fått eitt betre liv og muligheit til utdanning. Yesid er eit godt eksempel på det. Han kom så stolt med vitnemålet sitt som fortalde at han nå var ferdig utdanna sjukepleiar. Nå gleda han seg til å begynna i jobben ved eit sjukehus. Utan hjelpa frå Noreg hadde nok dette vore vanskeleg å oppnå. Han lyste av gleda og takknemlegheit.

Hjarteleg takk til alle som er med å støttar arbeidet!

Yesid og Olga