Liv og Håp

Livlege barn saman med Josefine og Lina-Victoria

Ja, for det er det prosjektet Cochabambabarn heiter: ”Vida y esperanza”,- ”Liv og Håp”!

To av styremedlemane, Elise og Gunnhild, har nettopp vore på prosjektbesøk og opplevd mykje liv og håp! Men denne gongen var vi ikkje åleine på tur: 20 personar la ut frå Norge den 6.oktober med retning Cochabamba . 20 forventningsfulle i alderen 13-60. Vi som har levd ei god stund, og levd med Cochabambabarnprosjektet ein del av denne tida, syns det var svært kjekt å ha med så mange entusiastiske menneske ,- og ikkje minst dei 6 ungdomane som var med . Vi klipper inn kommentarar som nokre av dei har skreve i etterkant av turen :

”Cochabambabarn er eit prosjekt som virkelig gir borna det dei treng: kjærleik. Med dette arbeider prosjektet både med skulehjelp, samt livsviktige  kvardagsrutiner som til dømes hygiene og mat. Faste stilligar innad i prosjektet sikrar arbeid til kompetent og nødvendig personale, men viktigare: eit trygt grunnlag for born i ein ikkje så trygg kvardag i milionbyen Cochebamba. Noko av det mest fantastiske er ringvirkningane prosjekte gjev. Gjennom eit godt forhold til tidlegare ungdomar som har vore tilknytta prosjektet, er desse med på å inspirere og hjelp dei yngre borna. Vidare er det stipend-ordningar for høgrare utdaning  noko som fører til at mange av borna  får moglegheit til slik utdaninng. Dette er også med på å inspirere dei yngre borna til å stå på med skulerelatert arbeid.  Dette er ei fantastisk utvikling då mange av borna kjem frå familier som anten er analfabete eller har opplevd overgrep og liknande.  Prosjektet tek òg tak i dei heimane som i periodar opplever motgang, -då med mat, samtaler og kle. Vi opplever også at borna tek med seg rutiner og lærdom tilbake til familiane, noko vi fekk oppleve gjennom heimebesøk til nokre heimar tilknytta Cochebambabarn.

 Cochebambabarn er eit fantastisk prosjekt som virkelig gir livsglede og energi til alle borna.  Eit arbeid som gir uttelling ikkje berre direkte men også fører til endringer i haldningar og grunnleggande kunnskap til alle rundt.

Det nytter å hjelpe!            Torgeir 22år”

«Det som eg kjem til å hugse best er det store hjerte deira. Dei hadde plass til alle.  Denne  turen vart eit minne  for livet for meg. Og eg gleder meg til neste gang! Bolivia blir mitt andre hjem "

Josefine 13 år

Utviklinga i "liv og håp"

Olga og Beltran

Vi som har fylgt prosjektet ei stund ser at mykje har forandra seg. Mange av familiane har fått det betre, og mange ungdomar ser framtida i måte på ein heilt annan mæte enn det som var mogeleg før. Men framleis er det menneske som treng ekstra støtte når leve-og bukostnadane aukar og jobbar uteblir. Vi ser også at nokre treng profesjonell hjelp. Vi  har nå bestemt er å tilsetje fleire medarbeidarar. Utanom Olga,Carolina og kokkene har vi no tilsett Rosa 52 år som har diakon-bakgrunn (som nokon av dykk kjenner frå andre samanhengar i og med at ho har vore m.a. i Ørsta) og Angelica, som blir ferdig utdanna psykolog til jul. Begge desse tilsetjingane er førebels fram til sommaren.  Dette trur vi skal vere med å styrke prosjektet sitt arbeid med borna samtidig som vi håpar at det skal avlaste Olga litt. Olga har hatt problem med helsa i det siste, og har no fått beskjed om at ho må operere inn pacemaker. Dette kostar pengar, men styret for prosjektet har beslutta å løyve desse pengane til operasjon. Olga treng å vere frisk og det er mange som treng ei frisk Olga! Difor er vi så frimodige at vi nemner dette for dykk no.....

Det er gledeleg å sjå at huset som prosjektet eig, fungerer så godt. Vi treng oppussing på eit par av klasseromma, men det får vi ta etter kvart. Å oppleve trivselen til borna er rett og slett stort. Ein dag stilte 3 av borna opp og spurde hjelpelæraren om dei ikkje snart kunne få byrje på leksene! Dei syns det hadde vore nok underhaldning dåJ

Det er en bestemor som ofte dukker opp i tankene mine fra da jeg var på hjemmebesøk sammen med Olga. Historien er ikke så idyllisk som i « Mormor og de åtte ungene» , men det var vel om lag åtte barnebarn hun hadde omsorg for i sitt lille krypinn. Hun var gammel og sliten, men tok likevel ansvaret for barnebarn som var forsømt av foreldrene. Hun hadde lite materielt å tilby, men ga utvilsomt barna omsorg etter beste evne. Jeg er glad for at vi gjennom Cochabambabarn kan gi liv og håp til denne bestemora og hennes barnebarn! Gjennom våre bidrag kan bestemor slite litt mindre for å mette alle munnene, og kanskje få mer overskudd til å være tilstede for barna. Jeg tenker at det er hennes viktigste oppgave. Det nytter å hjelpe!      Anne Gerd Gjevre

Ettermiddagsgruppa i drakter frå Norge

I 2012 har vi ca 150 born som er registrert i ”Vida y esperanza”. I tillegg har vi 27 som får hjelp i form av studiestøtte eller anna hjelp. Dei siste åra har vi ein stadig aukande del av ungdommane våre teke til med studier. Dei fleste har vore ein del av arbeidet vårt sidan oppstart i 2000. Det er årleg rundt 7-10 unge som fullfører vidaregåande opplæring. Dei fleste av desse ynskjer å studere på høgskulenivå. Vi gir støtte til alle som ynskjer å studere  eller ta yrkesutdanning  og som arbeider seriøst med studia sine.

Også denne gongen var vi med på mammamøte. Denne gongen var det også ein far, så kanskje vi må til å kalle det foreldremøte? Dette møte var reine hausttakkefestenJ. Det er også kjekt å oppleve kor opptekne foreldra etter kvart er blitt av at skule og utdanning er viktig! Teamet, med Olga og Carolina i spissen, har gjort eit godt arbeid her. På møte var det gåveoverrekking og taler og vi måtte love å ta med oss takk heim til alle støttespelarane i prosjektet, og overlevere smilet J Det blir herved gjort: