Hausten 2013

Arbeidet i Cochabamba

Olga er flink til å senda informasjon om arbeidet. Ho og medarbeidarane med Carolina og Rosa i spissen, arbeider trufast for å gi barna ein betre kvardag. Det er meir enn 150 barn som dei skal nå fram til med å sjå dei, høyra dei, hjelpa med lekser, gje dei mat og oppmuntre i ein kvardag som kan vera krevjande på mange måtar. I haust har dei hatt eit stort prosjekt som dei kallar Bibel-festival. Dei har lagt ned mykje arbeid og avsluttar med ein fest der barna får opptre og vise til andre kva dei har lært.

I år har Olga hatt mykje kontakt med barnevernet for å få flytta ein søskenflok inn på barneheim. Dei har hatt ein svært vanskeleg oppvekst og bur nå hjå ei gamal bestemor som ikkje har helse til å ta seg av dei. Vi håpar at barnevernet snart skal godkjenne flytting. Vi beundrar Olga for tolmodet ho har i dette arbeidet. Ho gir ikkje opp og klarer som regel å få gjennomført det ho har tru på er det beste for barna.

Abram Simon

Denne hausten har vi opplevd å miste Abram Simon. Han døydde på sjukehus måndag 30. september med Olga ved si side. Abram hadde ein muskelsjukdom og kom frå ein familie med store rusproblem og mange utfordringar. I 2006 fekk vi flytta han ut frå familien og heim til Olga der han hadde fleire gode år før han kom til ein liten institusjon. Dei yngre søskena hans bur på barneheim. Abram har hatt mange vonde opplevingar og svik i livet sitt, men han har og opplevd mykje kjærleik og fekk ei omsorgsfull mor i Olga. Abram var ein god gut som var veldig flink til å teikne og oppteken av song og musikk. Han hadde eit lunt smil og glimt i auga. Han var lett å bli glad i og vi kjem til å sakne å bli møtt av den gode guten. Olga og familien har mista ein son og bror og kjenner på sorga, men og gleda over at Abram er komen heim til himmelen. Vi i storfamilien sørgjer med dei og vil lyse fred over Abram sitt gode minne.

Juleavslutning

Det nærmar seg jule- og sommarferie i Cochabamba. Dei skal avslutta med stor julefest for familiane. Vi som har fått opplevd denne festen kan sjå for oss dei strålande augo til barna og mødrene denne dagen. Der blir det opptrinn og framføringar med barna. Kokkane våre sørgjer for rikeleg og god mat til alle. Høgdepunktet for barna er nok posen med julegåver. Dette året er gåva eit handkle og godtepose. Kanskje ikkje det mest spanande for oss nordmenn, men til stor glede for barna. For dei fleste er det nok berre desse gåvene dei får. Familiane får i tillegg ei kurv med matvarer.

Takk til alle for det som blir gitt for at desse barna våre skal få eit betre liv. Kostnadsnivå i Bolivia har auka mykje det siste året og vi hjelper stadig fleire familiar. Vi ser at vi må ha inn meir penger viss vi skal halda hjelpearbeidet på det nivå vi har nå. Vi er takknemlege for kvar og ein som vil bidra.