Takk!

Takk!

Først av alt: TAKK for det du har tilført av økonomisk støtte og omsorg til dette arbeidet. Kvar enkelt som har vore med på å støtte prosessen på ein eller annan måte har grunn til å glede seg over utviklinga desse 16 åra. Kva har du så vore med på?

La oss sjå litt på det:

-Frå å vere eit område der svært mange born i skulepliktig alder ikkje gjekk på skule, har Chiquicollo så å seie 100% skuledeltaking frå aldersgruppa i skulepliktig alder.

-Frå å vere eit lite prosjekt med 40 barn heime i hagen til Olga, har «Cochabambabarn» vakse seg større og større, via lokala til ei kyrkje i nærmiljøet, til no å vere eit arbeid der 150 barn får leksehjelp, næringsrike måltid 2 dagar pr veke og høve til samtale og aktivitetar i eit nyrenovert og delvis nybygd bygg med gode sanitæranlegg og moderne og hygieniske kjøkkenforhold. I tillegg får dei borna som strevar med læring og forståing ekstra hjelp med lekser og oppgåver ein dag for veka i lokala våre.

-Analfabete foreldre har fått kurs i å lære å lese og skrive

-Kvar månad er det foreldremøte der det blir sett fokus på ulike tema som omhandlar barn og unge og deira liv der far og mor får høve til å bidra og der ulike representantar frå hjelpeapparatet er med å dele av sin kunnskap

-I løpet desse åra har over 1000 barn fått gode høve til skulegang, leksehjelp, vennskapsbygging, næringsrik mat og ikkje minst psykisk støtte gjennom dette arbeidet

-Frå å vere eit prosjekt med dagleg støtte frå frivillege medarbeidarar frå Norge i tillegg til Olga og kjøkkenfolket, er «Cochabambabarn» no ein stifting der 7-8 dyktige kvinner har sin arbeidsplass og det heile og fulle daglege ansvaret i kvar sine «departement»; dagleg leiing, pedagogikk, diakoni, psykologi og kokkekunst. I tillegg har vi til einkvar tid hjelpelærarar som støttar opp om lekselesinga i dei ulike «klassane» og studentar som får sine stipend i tillegg til at dei hjelper til når dei kan.

-Gjennom desse 16 åra har over 50 ungdomar gjennomført høgare utdanning av praktisk eller teoretisk art. Det vere seg elektrikarar, økonomar, kokkar, pedagogar, psykologar, teknikarar, mekanikarar, sjukepleiarar o.s.v.

- Og sist, men ikkje minst: barn og foreldre i Chiquicollo har fått ein plass som dei kan vende seg til og få hjelp og omsorg, råd og rettleiing, anerkjenning og ly når livet med alle sine brokete variantar blir påtrengande vanskeleg så vel som når gledene sprenger seg fram.

Det nyttar!

Mange unge som har vakse opp med dette prosjektet står no på eigne bein. Ei rekke med foreldre opplever å ha fått større tryggleik i oppdragarrolla og kan glede seg over at borna deira også har fått auka lærelysst og kompetanse som resultat både av eigen og foreldra sin veksande sjølvtillit. Kvaliteten på samværet mellom barn og foreldre har blitt betre, og både borna og foreldregenerasjonen har fått hjelp til å setje ord på det dei strevar med og fått oppleve gleda ved å sleppe å stå åleine.

Kan vi så seie oss ferdige?

«Cochabambabarn» står på eigne bein når det gjeld den daglege drifta praktisk, omsorgsmessig og organisatorisk. Men for å kunne halde fram i same positive sporet trengs det økonomisk tryggleik. Mat skal kjøpast inn, personale skal lønnast, gass og elektrisitet skal betalast, ungdom skal få studiestipend og vedlikehald av huset må gå sin gang. Vi har eit budsjett på ca kr 500 000 årleg som er avhengig av enkeltmenneske si støtte.

TAKK for at du har vore med og framleis vil vere med på dette. Vi er glad for all type støtte: sporadiske gåver, dei gåvene som kjem arbeidet til gode når folk fyller år og kjem til at dei har nok av ting og tang, minnegåver og ikkje minst dei faste gjevarane sine sikre bidrag gjennom året. Vi gledar oss over at prosjektet gjennom desse åra har klart forpliktelsane sine til eikvar tid og håpar inderleg at dette skal halde fram slik at vi også i framtida kan hjelpe like mange J