Vårhelsing
Vel overstått påske til alle Cochabambabarnvener!

Endå eit halvår har gått, og mange dagsverk er lagt ned i prosjektet Cochabambabarn. Framleis er vel 150 born med i prosjektet og gler seg over å møtast der to-3 gongar for veka ilag med dei flotte ungdomane som hjelper til ilag med Olga og Carolina.

Sidan sist har både gleder og sorger gjesta det fargerike prosjektet i Chiquicollo, Cochabamba. Borna ser med glede fram til kvar dag prosjektet er ope. Ein del av desse borna er slitne av tøffe tilstandar i familien. Mange av dei har utrygge kvardagar og opplever nok at det ofte er dei som må ta seg av foreldra og ikkje omvendt… Altfor mange born har det slik rundt omkring på jorda.

Olga står på som før, men i februar opplevde ho ei stor sorg som ho nok har venta på. Berre få dagar etter at vi i styret for foreininga hadde hatt møte hos Anne i Fredrikstad der vi hadde snakka med Olga på Skype ein heil time og alt var berre vel, fekk vi melding om at mor hennar var dø. Sjølv om ho var gammal og helsa har skranta dei siste åra, har ho tusla rundt i hus og hage og vore til stor støtte for Olga og familien. Olga kjenner nok på eit stort tomrom etter mor si, men ho seier at ho vil jobbe med prosjektet som før, med støtte frå gutane sine.

Olga og mora
Skulegang og hjelp til barna

Alle borna i prosjektet kunne gå vidare i neste klasse også dette året då skulen starta opp etter ferien i januar. Det er eit godt bevis på at dei får god fagleg hjelp til leksene i prosjektet og god støtte til liva sine elles. Det er faktisk målet med dette arbeidet: at borna skal få støtte og utfordring til eit godt liv der utdanning, næringsrik kost, godt venskap og gode haldningar er grunnleggande verdiar. Kjærleik og omsorg er eit viktig fundament i eit kvart barn sitt liv, og det trur vi verkeleg at desse borna får.

Det fins unge menneske også i dette prosjektet som slit slik med liva sine at dei treng profesjonell hjelp. Og det får dei. Neste år er også ei av våre eigne ungdomar ferdig utdanna psykolog. Kanskje kan ho bli ei av dei som kan jobbe i prosjektleiingsgruppa?

Borna i ein familie som vi har jobba tett opp til lenge, har no fått ny heim på Hanne (tidlegare norsk misjonær) sin barneheim i Cochabamba. Dette betyr at borna no har fått eit mykje tryggare liv og forutsigbare kvardagar. Det er godt at det fins gode alternativ i dei tilfella der borna ikkje kan få noko godt liv i familien der dei bur. Det er borna vi må ha i fokus i dette arbeidet. Vi vil i det lengste gjere vårt til å halde familiane samla, men ikkje dersom borna lid.

Glade jenter med nye sko
Gi di gåve til Cohabambabarn

Vi er glade for alle som gjev fast til Cochabambabarnprosjektet, anten det no er ein eller fleire gongar for året. Vi ser også at fleire og fleire prosjektvener vel å la jubileumsgåver gå til prosjektformål. Det er gledeleg J . Vi som er komne langt opp i etableringsfasen har meir enn nok å rydde i. Vi legg ved ei helsing frå Bjørg som nettopp har feira 70-årsdag:

”Eg var 70 år i januar. Då inviterte eg familie og venner til feiring.

Når det gjaldt gåve skreiv eg i invitasjonen:

 

“Eg har rikeleg av alt, men det er det ikkje alle som har. Eg har møtt fattige bl.a. i Bolivia, Nepal og på Madagaskar. Eg tek gjerne mot pengar som eg gir vidare til prosjekt i desse landa.”  

Og gjestene gav, eg fekk over 19 000 kr.! For meg var det ein veldig meiningsfull måte å få gåver på.

Det kan nok også andre, som har tatt imot pengar for å gi vidare, skrive under på. Og mange av gjestene var takknemlege for ein lettvint måte å løyse gåve-spørsmålet på. Dei slapp tenkje ut noko til ei som har ALT!”

 

Vi oppfordrar gjerne andre til å tenkje i same baner i samband med feiring av runde dagar J

 

Arbeidarane i Cochabambabarn-prosjektet får mykje ut av pengane som kjem inn. Elsa som er rekneskapsansvarleg i Bolivia er nøye i si føring og sender kvar månad utskrift av rekneskapen. Dette er viktig for leiarane i Cochabamba, og det kjennest trygt for oss alle at oppfylginga er så tett.

 

Takk for all hjelp på alle vis!

 

Vi ynskjer dykk ein god og velsigna vår!

 

Glad familie med nytt pledd